- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Folkemøte i Røldal
6. august @ 18:00 - 20:00
Stortingsrepresentant frå Raudt , Sofie Marhaug ( 2. nestleiar i energi- og miljøkomiteen) og kommunestyrerepresentant og stortingskandidat Terje Kollbotn frå Raudt Ullensvang innleiar til debatt i Røldal om ei fortsatt brennaktuell sak for Røldal og Suldal!
På møtet vil Sofie Marhaug og Terje Kollbotn leggje fram ei oppdatert oppsummering av saka etter Solberg-regjeringa si urettvise oppheving av stortingsvedtaket frå 1962 og heimfallsretten – og status i saka etter den siste stortingsperioden. Det vil og bli lagt fram vesentleg nye moment for korleis denne skandalesaka kan og bør reisast på nytt, både frå kommunestyra i Ullensvang og Suldal og i det nye Stortinget etter valet 8. september.
På møtet blir det og innlegg og diskusjon om kva som bør liggje til grunn for ein framtidsretta og miljøvenleg kraftpolitikk i det nye Stortinget!
Inviter med vener og kjende til viktig og hyggeleg kveld på Fjellro i Røldal! Fjellro ligg i Seimsvegen 5 – rett nedanfor Røldal skule.
Alle velkomne! Enkel servering.
Arrangør: Raudt Ullensvang

